Cairns

Turen til Cairns var fantastisk! Eg og roselinn budde på eit hostel der vi møtte mennesker frå heile verden. Dei fleste var backpackers og reiste rundt i Australia, kjekt å høyre kvar dei hadde vore og skulle vidare. Eg og roselinn blei kjent med ei frå Belgia som vi hang masse med. På kvelden dro vi ut på bar og restauranter sammen med Tina og Lene frå klassen, kjempe arti;)









Great berrier reef

Tysdag dro eg, Roselinn og ei jente frå hostelet som vi blei kjent med til Great Berrier reef med båt. Der snorkla og dukka vi. Heilt fantastisk! Såg mange fine fiskar og plantar, men ingen hai eller skilpadder. Det var ein fantastisk følelse og svømme over det største reefet i verden! Den følelsen:) Her er noken bilder vi tok med under vannskamerat vårt. 

Meg og Roselinn 

Roselinn
















Ferie!

Då var eg ferdig med idrettspedagogikk eksamen, og har to igjen. Eksamen gjekk eigentleg ganske bra, satser på at eg består. Vi feira med nachos og mojitos kl.14 på dagen, Hehe. På søndag reiser eg og Roselinn til Cairns og møter fleire frå gostudy idrett, gleda oss!

Tina, Karoline, meg, Emilie og Helene









Ferietur i boks

Hei! I dag bestilte eg og roselinn tur til Cairns som ligger langst nordkysten, nærmt great berrier reef! Det er fleire frå gostudy idrettgruppa som også skal så dette blir gøy! Vi har "haustferie" i neste veke, så derfor drar vi. Vi skal sove på eit hostel.. Hehe, kosta berre 770 kr for fem dagar, og då er det inkludert frukost, basseng og wifi. Flybilletter kosta rundt 1300 kr, tur retur:) billig tur med andre ord. Ellers går det i skule no. Har eksamen på fredag i idretts pedagogikk, håper den går bra.









Prøveeksamen i volleyball

Idag hadde vi prøveeksamen i volleyball. Vi måtte klare 100 beger, fingerslag, også måtte vi klare mottak, sørv, smash, overarmsørv og underarmsørv. Heldigvis klarte eg å bestå! Så utruleg glad! I kveld blir det feiring, skal kanskje ut Sydney, så det blir gøy!









My weekend

Denne helga har gått så fort! På fredag hadde vi ikkje skule berre volleyball så då surfa eg, Roselinn, Erica og Charlotte. Det var veldig kjekt, men vanskeleg. Klarte å stå opp 2 gongar.. Jaja, øving gjer mester, eller ka? Helene hadde bursdag, så derfor hadde vi bursdagsvors med iskake, chips og godteri. Vi hadde også blåst opp ballonger. Kjempe koselig! Deretter stakk vi på sharkbar som ligg i Manly.

På lørdags morning dro eg og Kristoffer på boksing som er på treningsstudioet vi går på. Det var utruleg kjekt, men veldig slitsomt. Handa mi hadde risteanfall etterpå! Hehe.. Rundt klokka 13, Dro eg, Karoline, Emilie, Tina, Helene og Lene i dyreparken. Vi såg ekkle slanger og krokodiller. Men også søte dyr som kengeruer og selar. Fekk dessverre ikkje t bilde med noken dyr, men skal få gjere det ein annan dag! Bileta er Tina sine, tatt md speilreflekskamera:)

På søndag sto eg opp halv 8 fordi vi måtte skru klokka ein time fram. Så no ligg vi 9 timar før dåke. I hvertfall eg og Eline dro inn til Sydney fordi vi skulle på one direction konsert. På toget møtte vi ein gjeng med små jenter som sang på one direction sangar og hadde tatt av med one direction accessories! Haha. Vi følte derfor for å vise dei at vi også var fan då, så vi kjøpte oss ein t-skjorte og:) konserten var dritt bra! Vi satt litt langt unna, men vi klarte å sjå artistane og det er det viktigaste! Om kvelden Gjekk vi i Sydney med våre kule one direction skjortene og fekk mykje kommentarar frå folk.. Hehe. Til slutt åt vi på Hard Rock Cafe. Eine servitøren kom bort og fortalte at ho hadde møtt one direction kvelden før på baren over Hard Rock Cafen! Då vart eg og Eline så sjalu, og vurderte å dra på den baren ! Fordi dei pleide å dra ditt ofte! Vi vurderer å dra ditt snart, du skjønner one direction skal vere lenge i Sydney! Jippi!

For ein super helg eg har hatt! Synd den gjekk så fort! Håper dåke har hatt ein fin helg også:)









Sjømannskyrkja

Etter skulen i dag reiste vi til sjømannskyrkja som ligg i Manly. Der fekk vi servert risengrynsgraut og vafler! Det var heilt nydeleg:) dei hadde ein liten butikk der dei selgte blant anna, makrell i tomat, tomatsuppe, melkesjokolade, surkål, Toro vaffelpose, bringebærsyltetøy og mykje meir. Eg kjøpte med meg Daimsjokolade og ein pose bilar









The beach

I dag har eg vore på den vakre stranda i Manly :) her er det alltid mykje folk og aktivitet. Folk her er veldig flinke til å surfe, og eg trur vi skal snart ha surfetimar, det blir kjekt ;)









Lately

Då var ei veke over og ei ny begynner i morra. Det er sjukt kor fort tida går. Har allereie vore her i 2 veker, og det har vore to fantastiske veker! Digg å vite at eg skal vere her to månader til. Denne veka har eg gjort mykje forskjelleg. Vore på skulen to timar kvar dag og spelt sandvolleyball. Vore på yoghurt land kvar dag Hehe.. Det er frozen yoghurt der ein kan tilsette frukt, godteri, og ulike sauser.

På onsdag dro eg og Roselinn inn til Sydney og shoppa. Så smarte som vi er dro vi ut litt seint så vi fekk shoppa i ein halvtime før butikkane stengte.. Vi endte opp på starbucks til slutt!

På torsdag kjøpte eg, Eline og Marte oss skateboard. Her i Manly har nesten alle det, og det virker så kult å vere flink i det, men det var sjukt vanskeleg, så må trene mykje.

På fredag hadde skulen vår oktober fest, som er tysk. Vi fekk servert tysk mat og øl. Deretter dro vi på shark bar i Manly sentrum. Seinare dro eg, Ragnhild og Marlen dro på Mc Donalds og drakk ein fantastisk god milkshake:)









Ut på tur

I går var eg og Roselinn på joggetur/tur. Vi jogga langs stranda deretter opp på ein liten topp. Rusla litt inn i skogen der vi møte et eldre ektepar. Eg spurte dei om det var slanga her og dei lo og sa at slangen ikkje kom ut fordi det er litt for kaldt endå, pluss at den ville stikke av pga eg er fem gongar så stor som den. Det var ganske så deilig å høyre. hehe. Ellers går dagane i volleyball og skule. Har meldt meg inn i eit treningstudio også, så det blir digg å trene styrke! 

 




Bilder frå turen vår. 

Håper alt er supert heime:)









Mat, mat og mat

Hei! Håper alt står bra til md dåkke heime. Av ein eller annnan grunn klarer eg berre å laste ned eit bilde til bloggen, men blogger frå iPhone så dt kan vere grunnen. I alle fall tenkte eg kunne vise dåke ka mat vi får på ICMS, (skulen vi går på). Nedanfor er eit bilete av brunchen frå i går. Er veldig fornøgd med maten, var spent på om vi fekk berre fast food, men heldigvis får vi tilbud om forskjellege typar mat. I tillegg stakk vi innom matbutikken og der hadde dei ei svær avdeling med berre sunn mat, så eg hamsta frukostblanding og of course peanuttsmør crunchy! Håper dåkke har ein super dag heime i førde:)









Your beautiful place



. Vi bur ca.20 min frå Sydney med ferje og det er heilt fantastisk her i Manly! Menneska er høflige og det er rett og slett veldig koselig her. Det einaste negative er at dt er kaldt, så vi har ikkje blitt brune endå.. Men forhåpentligvis kjem det varme været i neste veke. Her i Manly ser vi folk som surfer kvar dag. Dei går i gatene med surfebrett og våtdrakt. Butikkane selger alt mulige surfeting, akkurat slik som på film! Eg elsker det:) neste helg skal vi på surfcamp og eg gleda meg til å lære meg surfing, har gjort det før, men treng mykje trening!








Første dag



I dag dro eg og roselinn på joggetur langs stranda og vi var ikje dei einaste! Australske folk er veldig spreke, nesten alle surfer jo. Deretter tok vi ferja over til Sydney som tok 30 min. Der shoppa vi på blant anna på topshop og Nike Sydney var heilt nydeleg! Ditt skal vi i hvertfall tilbake snart. Eg fekk kjøpt meg ein genser som eg skal sove i, fraus forje natt. Heldigvis er dt meldt fint og varmt vær i morra, så vi krysser fingrane.








Då var eventyret endeleg begynt



. Onsdag den 11 september dro eg frå førde til Australia! Flyturen tok 22 timar i tillegg måtte vi vente i London i 8 timar, då var vi jaggu lei å gå i dei samme butikkane om igjen. Heldigvis hadde dei starbucks og vi blei servert frukost og middag på flyet. Då vi endeleg ankom Sydney måtte vi stå i ein lang kø, svette, sure og trøtte var dt deilig å endeleg komme til Manly, der vi skal bu dei neste 3 månadane. Den natta sov eg frå 8-8, deilig det!








Då var eventyret begynt

Onsdag den 11 september dro eg frå førde til Australia! Flyturen tok 22 timar i tillegg måtte vi vente i London i 8 timar, då var vi jaggu lei å gå i dei samme butikkane om igjen. Heldigvis hadde dei starbucks og vi blei servert frukost og middag på flyet. Då vi endeleg ankom Sydney måtte vi stå i ein lang kø, svette, sure og trøtte var dt deilig å endeleg komme til Manly, der vi skal bu dei neste 3 månadane. Den natta sov eg frå 8-8, deilig det!








Siste skuledag

Tirsdag var den aller siste skuledagen min på Akron high school. Det var trist, tanken av at detter er min siste dag her slo meg heiletida. Siste matte timen med alle folka, siste lunchen med alle jentene og alle andre timane eg hadde, men fredagen den 22. juni har eg graduation så eg får iallefall sjå alle seniorane igjen og forhåpentlegvis kjem nokre juniors, sophmores og freshmens. Eg gledar meg kjempe mykje til graduation, eg trur jentene skal ha kvite cap and gown og guttane skal ha svarte. 

Bilde til venstre er slottet seniorane lagde i kafeteriaen siste skuledag, det var vår seniorprank. Vi fekk ikkje lov av rektor til å gjøre noke "bad" for då fekk vi ikkje graduate. Eg må berre fortelje noke som er kjempe idiotisk.  Ein gutt på skulen min hold ein tale i lunchen,også ropte bestevennen hans:" I LOVE YOU", også fekk gutten som ropte 5 dagars suspension-finner ikkje ordet på norsk, men det betyr at han ikkje fekk gå på skulen på 5 dagar og det var den siste skuleveka. Ihvertfall om ein slår ein elev får ein 2 dagars suspension, men om ein roper love you for ein 5 dagar? Skulen min er seriøst urettferdig. 



Ses<3













Siste skuledag

Tirsdag var den aller siste skuledagen min på Akron high school. Det var trist, tanken av at detter er min siste dag her slo meg heiletida. Siste matte timen med alle folka, siste lunchen med alle jentene og alle andre timane eg hadde, men fredagen den 22. juni har eg graduation så eg får iallefall sjå alle seniorane igjen og forhåpentlegvis kjem nokre juniors, sophmores og freshmens. Eg gledar meg kjempe mykje til graduation, eg trur jentene skal ha kvite cap and gown og guttane skal ha svarte. 

Bilde til venstre er slottet seniorane laga i kafeteria siste skuledag, det var vår prank. Vi fekk ikkje lov av rektor til å gjøre noke "bad" for då fekk vi ikkje graduate. Eg må berre fortelje noke som er kjempe idiotisk.  Ein gutt på skulen min hold ein tale i lunchen,også ropte bestevennen hans:" I LOVE YOU", også fekk gutten som ropte 5 dagars suspension-finner ikkje ordet på norsk, men det betyr at han ikkje fekk gå på skulen på 5 dagar og det var den siste veka. Ihvertfall om ein slår til ein elev får ein 2 dagars suspension, men om ein roper love you for ein 5 dagar? Skulen min er seriøst urettferdig. 



Ses<3













DISNEYLAND <3

Torsdag dro eg og mange andre utvekslingstudentar til Disney land i Florida. Flyreisa gjekk kjempe raskt og når vi kom ut av flyet var det supert ver i Florida. Vi overnatta på eit fint hotel med basseng, og eg sov på rom med Veronika, Miranda og Johanna. Kvar dag dro vi til ulike fun parks, som EPCOT, Magic kingdom, Hollywood planet, badeland og mange fleire. Det var spesielt kjekt å dra til EPCOT og ta seg ein liten tur innom Norge og ete skulebolle og snakke norsk. Men favoriten må vere space berg og dalebane som var inne i ein byggning der det var heilt mørk.  Eg føler heile gruppa har blitt mykje meir samanspleisa og det blir utruleg trist å dra frå dei! Men no har eg mange land eg kan dra til seinare ;) 

 Veronika og meg


Sofia, meg, Veronika, Hannah, Sayuri og Johanna

Hardt å vere på ferie

Tower of Terror 


Ashlee og Meg


Slottet!

Dro på ein liten safari tur 

 

 
 

Love u guys <3









Då tek eg turen til :

 

 

 
 

Drar kl.06.00 i morra tidlig! Gledar meg sjå sjukt masse <3

Speaks









My first and last prom

På fredag hadde vi prom. Vi fekk dra frå skulen kl.11.03 ( amerikanerane er presise) ihvertfall til å fikse håret, negler osv.. Heile skulen møtte i parken også tok vi bilder. Etterpå dro vi til sjølve promet som var på The Salvator, sånn typisk bryllaup lokale. Vi fekk forett, hovudrett og dessert, det var kjempe godt. Deretter blei dei kroning av dronning og konge, som vi hadde stemt på dagen før.  Vi dansa på dansegolvet som ikkje var så stort, men det gjekk fint. Promet slutta rundt 11, deretter dro eg og 30 andre, som hadde lånt ein limobuss til minigolf og deretter til Niagara Falls. Limobussen var kjempe fiin og vi dansa mens limo-mannen køyrte oss rundt, det var kjekt det! 


Så fotogene da .. 

Sarah og Meg 

Meg, Montana, Libby and Emily 

 

Speaks <3

 

 









New York city I love u

Did you know on a clear day you can see 5 states from the top of the empire state bulding- New York State, New Jersey, Connecticut, Massachusetts and Pennsylvania? 

 


















NEW YORK CITY

 

Frå torsdag til søndag var eg i New York city. Eg hadde forventa ein del, men det var så sykt mykje betre enn kva eg hadde forventa meg. Bilturen tok rundt 8 timar, men det gjekk ganske så fort. Vi sov på eit fint hotel i New Jersey, som er nabo staten til New york. Igrunn såg ein ikkje forskjell om ein var i New york eller i New Jersey. Vi tok undergrundsbana også gjekk vi ein god del rundt i byen. Vi såg blant anna Time Square om kvelden og om dagen. Shoppa i Chinatown and little Italy og fifth avenue. Gjekk tur i Central park, såg the Statue of liberty, dro opp på Rockerfeller og såg utover heile byen, såg 9/11 memorial også åt vi ute på resturang.

The Rockerfeller 

 

 

 

Meg, Solen( Tyrkia) og Natali (Russland)

 

Hotelet frå aleine hjemme 


 

 

 

Central Park 

The Statue of Liberty 

Hannah ( Sveits) Solen ( Tyrkia) Natali ( Russland) meg

 
Chinatown 

9/11 memorial

 


Ser du kven vi prøver å etterlikne? :)

Time Square, Meg og Kaja 

Eg og Solan rusla nedover fifth avenue plutselg såg vi masse kamera og folk som sto rundt. Vi sprang bort og der såg vi Ben Stiller! Vi sprang bort og tok masse bilder av han og ropte hei, så vinka han tilbake til oss<3<3 Vi hadde planer om å løpe bort til han og ta bilde, men bodyguarden hans sto rett ved han heiletida, så det fekk vi ikkje til.. Menmen, filmen dei spilte inn heiter the secret life of walter mitty, så den skal eg iallefall kjøpe, kanskje eg er med på filmen. HOPE SO ;)

Anyway New York city er heilt fantastisk, og ein vakker dag skal eg tilbake!

Speaks <3










































Mandag

Fy søren eg hater mandagar. Alle er så trøtte og det er 4 dagar til helg igjen... Skulle ønskje ein hadde 3 dagars helg, det hadde vore supert! Ikkje sant? 

I går kom eg heim frå New York city, which was amaziiing <3 New York city er betre enn kva eg forestilte meg. Masse butikkar, mykje å sjå og masse ulike menneskjer. Om du har muligheit til å dra ditt, GJER DET, eg skal iallefall tilbake ein gong. Hadde vore kjekt å bu i tiande etasje i New York City og gå innom Starbucks kvar morgon og kjøpe Caramel mocha late og hoppe inn i ein gul taxi på veg til jobb, det er det eg forestiller meg når eg tenkjer på New York city, kanskje ein dag kan eg gjere det. Eg skal legge ut bilde frå NY city, men venter på bilder som andre folk har tatt, fordi eg har ikkje så mange bilder på kamera mitt. 

 

No sitter eg å eter lillapåskeegg som eg fekk av verdens beste Hanna og Aurora:) Love u guys<3 Har huset for meg sjølv, digger det! 

 

 

 

 









Gjett kor eg skal i morra daaaaa???



NEW YORK CITY !!! 


Vi drar i morra og skal vere der til søndag. Vi er rundt 12 AFS utvekslingstudentar som skal, så ditta blir BRAA! 

Speaks<3









AFS departure orientation camp

Før eg dro på utveksling sa eg til meg sjølv at eg skulle vere flink å blogge.. Kan ikkje sei at eg har vore det. Men skal prøve å blogge meir fram til eg drar heim. Betre seint enn aldri. Anyways, i helga var eg på AFS avreise camp, der vi snakka om reglar, summerte opp året vårt og om avreise.  Det som sjokka meg litt var når ledaren vår sa at mange utvekslingstudentar får kultursjokk når dei kom heim. Det tar ca. 6 veker å bli " normal" igjen, for nokre tok det opp til 6 måndar, men forhåpentleg går det fint. Eg gidder ikkje å bekymre meg over det. 

Her er nokre bilder av orgenteringa. 

Alle måtte laga ein plakat om landet sitt som neste utvekslingstudentar får sjå når dei kjem. 

The blondes 

Frå laurdag til søndag overnatta eg og Hannah frå Sveits hos eit eldre ektepar som hadde hatt to utvekslingstudentar før. Huset deira var kjempe koselig og det var omringa av skog, føltest nesten ut som Norge. Mannen i huset laga heimelaga grovbrød, gud så godt det var! Han laga middagen og frokost frå bunnen av og det var så utruleg godt! Nesten det beste eg har åte mens eg har vert her borte! 

På søndag hadde vi talent show for alle vertsforeldrene våre. Eg og fem andre jenter sang Just Fine by นท ( kopiert frå youtube) ihvertfall ho er frå Thailand og var ein utvekslingstudent nokre år tilbake i Italia, og der laga ho sangen just fine som handler om å vere utvekslingstudent og sangen blei så kjent at no er ho ein kjent artist i Thailand. 

 

http://www.youtube.com/watch?v=yj0eBayV3n0










18 år, påskeferie og Canada

Yeye, då er eg og 18 år. Følest heilt likt ut som å vere 17 år da. Einaste eg kan gjere er å kjøpe flakslodd, ta tattovering og piercing, men AFS har ein regel at ein ikkje kan ta piercing eller tattovering, så da gjenstår berre flaksloddet da....Whatever. Miranda skal ta tattovering på mandag, eg gledar meg! 

Denne veka har eg hatt påskeferie. Så torsdag til fredag dro familien min og eg til Canada. Det var ein times køyring. Det er ganske så kult fordi vi krysser The rainbow bridge, der

eine sida er USA og den andre sida er Canada, pluss at Niagara falls er på begge sider. Eg har sett Niagara falls før, i august eingong, men då sto eg på den amerikanske sida, medan denna gongen sto eg på den Canadiske sida. Det var uturleg fint å sjå The falls om kvelden, du skjønner the falls lyste ulike fargar. 






Snakkest !









Hawaii

Aloha! 

Sist veke dro eg til Hawaii! Omg, Hawaii er som eit paradise. Sjøen er blue clear og sanden er mjuk og varm. Det var rundt 30 grader og for det meste sol. Vi sov på ein fint hotel med superdigg frukost, det må nok vere det beste med heile hotelet! Nordmenn i Hawaii= Matvrak 

Ihvertfall flyturen var kjempe laaang. Eg og Miranda måtte bytte fly mange gongar, og sidan flyturen var så lang tenke eg at flyet måtte ha film, men neida vi måtte betale ekstra for å sjå film... Var små irritert då. Men då vi var framme møtte eg eit kjent ansikt, Rebekka. Gud så kjekt det var å møte ho igjen etter 7 måndar, det var nok det beste med heile turen.  Eg sov på rom med ei norsk jente som heite Ingrid, hehe.. Og to andre jenter. 

Vi gjorde nye aktivitetar kvardag. Første dagen surfa vi, det var det er hadde gleda meg mest til. Det var mykje hardare enn kva eg trudde det skulle vere! Kvar gong ein låg på brettet og paddla med henda så kom det ein bølge og ein blei dratt tilbake igjen. Tilslutt klarte eg å stå på brettet so it was worth it!

Kvar kveld gjekk vi ut og åt. Enten på Hard Rock Cafe, andre resturangar eller på hotelet. Det var utruleg koselig. 

Hawaii er ein stat i Amerika, men det føler ikkje ut som det i det heiletatt! Det er som eit nytt land. Dei har eigen kultur, språk, mat og klede. Det var kult å lære av kulturen deira! Vi fekk lære å danse hula-hula dans,  åpne ein koksnøtt og mykje meir!! Hawaii skal eg desidert tilbake til! 

Eine dagen besøkte vi Pearl Harbor, her er alle navna dei amerikanske soldatane som døde i kampen mellom Amerikanerane og Japaneserane. 



 

Rebekka<3<3<3

Jealous ? 

Vertsfamilien min hadde kjøpt ein stor cookie til meg og Miranda når vi kom heim! Største cookien eg har sett. 

 

Aloha!

 









Quebec

 

Det er veldig deilig med ferie no, sjølv om den er snart slutt. Sist fredag drog eg til Canada, Quebec med Kaja og hennar familie, Jess, Greg, Shawn, Kristin og Firki ein utvekslingstuden som var på besøk frå Indonesia. Vi drog først til Ontario, Ottawa og overnatta der ein natt. Det var ein vinterfestival der, så vi gjekk gjennom gatene, og folk spelte musikk, selde ulike mat og hadde laga is skulpturar. Og gjett om eg og Kaja var glad når vi såg norske vafler?! Med brunost og vårt vakre flagg! Eg og Kaja sprang bort og tok bilder, folka i vogna såg kjempe rart på oss, men når vi forklarte at vi var norske, forstod dei. 

Laurdag var vi framme i Quebec. Vi sov på eit koselig hotell i byen. Sjølv Quebec minte meg om Paris, mykje gamle bygningar, små butikkar og sjølvsagt at dei snakka fransk. Rundt gamlebyen var det ein mur og utafor den muren var alle dei nye bygningane, Quebec var ein blanding av gamle og nye bygningar. Om kvelden gjekk vi rundt i gamlebyen og åt på resturangar. 

 

Søndag dro vi og såg ein frossen foss, var mykje folk der og ulike aktivitetar å gjere som å ake og klatre. 

Måndag dro vi til ein snø park som var in sommarpark om vinteren. Vi slapp å gå opp bakkane ein heis drogg oss opp, hehe. Late? Ja. Dei hadde store og små ringar slik at vi kunne sitje aleine eller mange ilag. Det var kjempe gøyy. Har vi noke slikt i Norge? Vi burde ha det. 

 

Tysdag var den kjekkaste dagen! Først prøvde vi hundeslede, eg og Kaja var ilag på ein slede og 5 hundar drog oss. Dei var kjempe sterke, når eg sto bakpå og skulle styre og prøde å bremse måtte eg hoppe på bremsa for at dei skulle stoppe! Det var i alle fall veldig kjekt, og om eg har muligheit til å gjere det ein gong til vil eg. Firmaet hadde om lag 250 hundar i alle aldrar, det var ein hund der som var så uturleg søt, vurderte å ta den med heim altså!

Deretter drog vi til eit hotell som laga av is. Om sommaren smelter det og om vinteren bygger dei opp eit nytt eit igjen. Nokre folk overnatta i is hotell romma, skjønner ikkje korleis dei klarer det, eg blei iskald av å gå stå inni i hotellet, korleis kan dei sove der? Nokre har til og med gifta seg inni i hotellet, dei hadde laga ei mini kyrkja med eit alter og greier, ganske så stillig!

Fint fjes, altså! 

Kjempe gøy tur! Bilda er ikkje mine, men mest Kaja sine og venter på nokre av Fikri sine. I kveld skal eg overnatte i ein dyrepark med AFS gjengn, gleder meg! Og no er det 2 veker til Hawaii, super excited (: 










Senior game



Idag spelte vi vår siste heimekamp mot Baker. Dei kaller kampen, senior game fordi det er siste heimekampen for seinorane på skulen vår. 

Alle seniorane måtte skrive ein tale, om kven dei er, kva dei skal gjere etter graduation og kva dei vil bli. Også leste noken på laget talen for deg, mens du gav foreldrene dine ein blomst. Det var utruleg koselig! Eg filma litt av sermonien også når eg spelte. 

 

 Vi vant! 

No har vi berre to kampar igjen også er basketball sesongen ferdig. Det var veldig kjekt å spele basketball eg har lært mykje, også var det sosialt å vere med alle på laget, så eg kjem til å savne det!

Speaks!

 









Langhelg

FREDAG: 

Vi hadde heimekamp på fredag og tapte 29-30, men vi spelte kjempe bra! Eller dei spelte veldig bra, eg var på benken..hehe. Laget vi spelte mot var det 5th beste laget i western New York, så sjølv om vi tapte var det som om vi vant. 

LAURDAG: 

Sto eg opp kl.8.00 og dro rett på basketball trening. Trenaren var i godt humør og gav oss donuts.. først løper vi av oss fett også legg vi det på oss igjen. You know you are in America when your coach gives you donuts after a basketball practice. 

Seinare, rundt kl.14.00 møtte eg Kaja på kjøpesenteret. Det var godt å svi av litt pengar.. vil ikkje eingong vite kor mykje eg brukte. Men som sakt er mykje kle og sko biligare her enn i Norge! 


Det var utruleg deilig å setje seg ned og ete is. Betalte runt 24 kroner for ein small is, liten var den ikkje da, men er ein i Amerika så er ein i Amerika. Også må eg berre fortelje noke som var litt morsomt. Ei dame på rundt 25 år satt og prøvde høge støvlettar, også satt vennnina henner ved ho og såg på. Så klarte ikkje ho å få opp glidelåsen der oppe med beina fordi ho var ganske så feitt, ikkje slemt meint, men det er jo heilt sant. Også sa ho til vennina si at skoen vil utvide seg, så ditta går bra, eg skal nok kjøpe desse skoa. ( Ho fekk ikkje eingong igjen glidelåsen, langt ifrå) Det var ivertfall litt morosomt å sjå på. Hørest kanskje litt rart ut! Men lets be real, u need a bigger size!

SØNDAG: 

Idag fekk eg endeleg sove inn. Åt grovskive eller halvt grovskive til frukost med nutella. Vi har faktisk fått snø her, så eg tok ditta vakre bilde! 

Så tok vi turen ut og familien viste meg snøscooterane sine. Dei køyrte rundt i hagen, har ein stor hage. Også satt eg bakpå, fordi ifølge AFS reglane har ein ikkje lov til å bruke køyrtetøy, det suge da! Men det var morsomt fordi! Her i Akron driv alle med snøscooter og ein køyrer på åkrar og gjennom hagar til folk, også stopper ein ved resturangar og eter, ganske kult. 




Gjengen

Forresten vi har fri i morrå! Måtte berre gni det inn for dåkke som må gå på skule! For å vere heilt ærlig så liker eg veldig godt mandagar, fordi både Pretty little liars og The lying game går på TV! Ser dåkke på dei programa? 

Gud så eg hopper fram og tilbake med setningane mine.. men prøver å skvise alt inn i eit innlegg. 

 









Fredag den 13

Idag våkna eg opp til masse snø og vind. Bilvegen var veldig glatt derfor køyrte Miranda 20 km i timen, vi rakk skulen då så. Sjølv om det er fredagen den 13 idag så har det ikkje skjedd noke ille eller rart med meg, håper dagen held seg slikt. VI har basketball kamp i dag, heimekamp så håper vi vinn. Vi har tapt nesten alle kampane vi har spelt, men vi speler veldig bra, det er berre det at laga vi speler mot er betre! Hehe. 

Igår var eg på min første spaghetti middag med basketball laget, det var koselig det! Vi åt middag og dessert også creepte vi eigentleg berre på folk på facebook, kjekt det. I Amerika er det generelt meir drama enn heime i Norge. Eg har ikkje opplevd så masse, men eg har gått på basketball i under 2 månadar og i går begynte to jenter på laget å grine, for ulike grunnar, no meiner eg ikkje sånn at dei fekk ein ball i trynet eller forstua ein finger, men meir at ei anna jente kjefta/ kritiserte eller trenaren kritiserte for mykje. Welcome to America. Men eg liker laget mitt veldig godt ikkje misforstå, men det er liksom så mykje drama. 

 

Sorry for mykje hopping frå ulike dagar, men idag på skulen hadde vi ein assembly, forelesning? Om drugs. I november blei nemlig ein gutt på skulen vår tatt frå å brukt drugs i garderoben og han måtte stå foran heile skulen og snakke om kvifor han gjorde det og kva som skjedde med han etterpå. 

For ca.2 dagar sidan blei ei jente tatt i å jokse på ei matteprøve, ho hadde nemlig putta eit papir med matte svar på inni ein penn, du veit dei pennane der det er gjennomsiktig midtpå. Også posta ho eit bilde av pennen på facebook der ein lærar som har fake profil såg det, så ho blei i sikkeleg trøbbel. 

Ditta er litt av skuleveka mi. Håper dåkke heime har det supert! 

God helg. 












Profiltekst her!


Arkiv





Kategorier




Siste innlegg


Annonser

margin-right: auto;







hits